Utforsk norsk natur
Sjå nærmare på dyrelivet, naturen og klimaet. Utforsk samspelet mellom kultur og miljø. Ved å sjå, kjenne, lytte og lære blir du sjølv ein aktiv og kreativ del av utstillinga.
På Norsk Natursenter kan du oppleve:
Ei spektakulær reise gjennom fjord og fjellandskap og mektige fossefall i vår nye panoramafilm “Norge mitt land - fjord, fjell, foss og Hardangervidda”. Føl dei dramatiske kreftene som har forma fjella, fjordar og isbrear. Utforske vær, klima og oppdag Hardangerviddas rike dyre- og planteliv. Møt reinsdyr, elg og hjort og sjå fjellauren i våre akvaria. Sjå korleis menneska har busett og livnært seg og utnytta ressursane frå naturen. Opplev samspelet mellom norsk kunst og natur i vårt kunst- og naturteater. Besøk vår restaurant/kafe Hardangerviddahallen og smak på det norske kjøkkenet med rike tradisjoner og lokale råvarer.
Ei tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og fram til i dag
Utstillingane gjer Norsk Natursenter – Hardanger til eit topp moderne natur- og kulturhistorisk opplevings- og formidlingssenter som tilbyr noko ekstra i tillegg til det ein kan oppleve ved andre besøkssenter og ute i naturen. Senteret har ein spektakulær panoramafilmen og tre etasjar med spennande, positive og kraftfulle opplevingar i form av interaktive stasjonar, bergartar, mineral, fossil, modellar, akvarium, temavideoar og illustrasjonar. Heile utstillinga gjennom dei tre etasjane er bygd opp som ei tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og fram til i dag.
Samspelet mellom kunst og natur
I meir enn 250 år har norske landskap vorte inspirert av mange kunstnarar. Dei flotte formasjonane av fjordar, fjell og fossefall over heile landet har kome til utrykk i måleri, skulpturar, trykk og andre media. Vi viser dette samspelet mellom kunst og natur i ein eigen kinosal, der professor i kunsthistorie Gunnar Danbolt viser oss samanhengen og forteljinga om mennesket si forståing av naturen gjennom målarkunsten.
Me ynskjer å inspirere og engasjere
Ved å sjå, kjenne, lytte og lære vert du sjølve ein aktiv og kreativ del av utstillingane. Innhaldet i utstillingane er utforma for å auke kunnskapen om naturen, noko som kan inspirere og engasjere oss til å ta vare på viktige verdiar i naturen og miljøet rundt oss. Den nyskapande formidlingsteknologien er ei oppleving for heile familien og målet er at eit besøk ved Norsk Natursenter Hardanger skal være ei spennande, triveleg, lærerik og unik oppleving for alle aldersgrupper!
Utforske bergartar og mineralar
I eit område kan ein utforske bergartar og mineral som har vore viktige i danninga av bergartane ein finn i Noreg. Fleire akvarium med aure, forklarar livssyklusen til auren frå fjellvatna. Ein vil også knyte historia tilbake til om lag 400 millionar år gamle fiskefossil. Dei besøkande vert forklart korleis isbrear vert danna og om korleis fjordane, inkludert Hardangerfjorden, vart utforma gjennom 40-50 istider i løpet av dei siste 2,6 millionar åra.
Kontrastar mellom fortid og nåtid
Det vert vist korleis den første reinsdyrjegeren på Hardangervidda kan ha sett ut like etter slutten av siste istid for om lag 9000 år sidan. Det levande landskapet vert presentert; om menneska som først busette seg i Noreg og korleis dei har utnytta ressursane frå fjord til fjell gjennom jordbruk, jakt og fiske for å kunne livberge seg i dette landskapet til alle årstider. Kontrastane mellom fortid og notid vert presenterte på ein engasjerande måte, saman med dagens aktivitetar i naturen og måten nordmenn i dag brukar landskapet. Eksempel på dagens mest spektakulære friluftsaktivitetar vert vist på store flater saman med filmar som viser Arne Nævra sine flotte filmar frå dyre og fugleliv.
Tre etasjar med interaktive spennande opplevingar
Vi har laga ein utstillingsplan med oversikt over dei ulike etasjene og innhaldet i dei. Om du virkelig vil gå i dybden på kva utstillingane våre handlar kan du lese meir om det her: Gå til utstillingsplan