Norsk Natursenter har som føremål å samle og spreie kunnskap om samspelet i naturen, og belyse relasjonane mellom natur og menneskeleg verksemd. Vår oppgåve er å skape eit nært møte mellom naturen og det moderne mennesket.
Norsk Natursenter – Hardanger er den mest besøkte menneskeskapte attraksjonen i distriktet – eit kvalitetsprodukt både for enkeltreisande og grupper. Våre gjester er reisande og turistar frå heile verda. Senteret er eit ideelt besøksmål for turar til den verdsberømte Hardangervidda og Hardangerfjorden som bl.a. gav Tidemand og Gude, samt Edvard Grieg, inspirasjon til nokre av sine største kunstverk. Hardanger er landet sin største ’frukthage’. Regionen har ein unik natur, og stadig fleire tilbod om overnatting og opplevingar for deg som vil hente inspirasjon og oppleve noko ekstra.
Norsk Natursenter er etablert grunna stor etterspørsel frå den etablerte turistindustrien, med nasjonale og internasjonale gjestar sitt ynskje om oppleving og kunnskap om norsk natur- og kulturhistorie utover det dei opplever i naturen i Norge.
Norsk Natursenter er eit autorisert nasjonalparksenter for Hardangervidda Nasjonalpark der ein finn informasjon om Norges nasjonalparkar og Hardangervidda nasjonalpark.
Vår målsetning er å presentera eit kvalitetsprodukt som gjer oss til det beste senteret i Norge på formidling av naturinformasjon. Vårt utstillingskonsept er utvikla med høg kompetanse, både når det gjeld bygningar, fagleg innhald, design og opplevingsverdi.
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Hold deg oppdatert på aktivitetar, arrangementer og andre nyheter med Norsk Natursenter sitt nyhetsbrev.