Norsk Natursenter - Hardanger er eit autorisert besøkssenter for Hardangervidda nasjonalpark.
Hardangervidda Nasjonalpark
Hardangervidda er Nord-Europas største høgfjellsslette og skiftar mellom bratte vestlandsfjell i Hardanger til slakke viddelandskap i aust. Hardangervidda framstår som eit massivt og uendeleg landskap beståande av urørt natur. Hardangervidda har Europas største og eldste villreinsstamme.
Omtrent halve viddeplatået er verna som nasjonalpark. I tillegg er Hardangerjøkulen i nord og et område aust for Møsvatn i sør verna som landskapsvernområde. Over halve nasjonalparken er privat grunn som har vært brukt til jakt, fiske og beite i uminnelige tider. Her finns det fleire tusen år gamle minner om villreinjakt. Mange gårdsbruk, spesielt i Hardanger, hadde stølar opptil flere dagsmarsjer innover vidda. Gamle stølar og steinbuer smykker landskapet og har stor kulturhistorisk verdi.
Fakta
3.445 km2
Vernet i 1981
Viddeplatå
Fastlandsnorges største nasjonalpark
Turisthytter og merka stier
Opplevingar
Eit stort nett av stiar og skiløyper gjer Hardangervidda tilgjengeleg for turglade personer. Sti- og løypenettet går mellom ei rekkje betjente og ubetjente turisthytter. Juli-august er den beste tida for fotturar, mens ettervinteren er finast for lange skiturar. Vestvidda byr på spektakulær natur med høge fjell, djupe dalar og flotte fossefall. Østvidda innbyr til vandring i opent og slakare landskap. Mange vatn og elvar gjer området til et eldorado for sportsfiske.
Plante- og dyreliv
Hardangervidda har plante- og dyreliv knytta til høgfjellet. Her lever Europas største villreinstamme som vandrar fritt over viddene. Villreinen skyr menneska, så hald avstand. Fjellrev er satt ut igjen dei seinare åra og ser ut til å klare seg bra. Vidda har mange vatn og myrar med ei stor mengd våtmarksfugl. Rovfugl som jaktfalk, dvergfalk og fjellvåk svingar i takt med bestandane av byttedyr.