Klima og miljø

Norsk Natursenter er eit Miljøfyrtårn sertifisert bedrift. Det betyr at senteret tilfredsstiller ei rekkje klima- og miljøkrav og at vi jobbar målretta for å forbedre senterets miljøprestasjonar innanfor arbeidsmiljø, avfallshåndtering, energibruk, innkjøp og transport. Som eit Miljøfyrtårn senter er vi forplikta til å etterstrebe bærekraftig drift i senteret, restaurant og gåvebutikk.

Vi jobbar kontinuerlig med å redusere våre bidrag til klimagassutslipp og for å drive senteret på ein mest mulig miljøvennlig og bærekraftig måte. Vi har i ei årrekkje jobba aktivt med å velje leverandørar og samarbeidspartnarar som har ein bærekraftig miljøprofil. Ved innkjøp til vår butikk søkjer vi etter samarbeidspartnarar som har ein ansvarleg og transparent produksjon, god miljømerking, og eit bevisst forhold til materialbruk både i produkta og emballasjen. Senteret ønskjer heile vegen å handle så lokalt som mulig, og fleire av produkta i butikken er produsert i nærområdet. Vi har også som mål å støtte små firmaer, designarar og kunsthandtverkarar i Norge.

Norsk Natursenter - Hardanger

Dette inneber at verksemda har ein miljøstandard og rutinar som er funne å vere i samsvar med dei nemde krava. Verksemda kan dermed dokumentere at strenge krav innan tema som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk er tilfredstilte.

NASJONALT SERTIFIKAT NR 12843

Eidfjord 31.03.2022

EINAR OPSANGER

Sertifisør, på vegne av Eidfjord kommune

ANDERS VATLE

Ordørar, Eidfjord kommune