LEDIGE STILLINGAR

Har du lyst til å jobbe i den mest besøkte menneskeskapte attraksjonen i distriktet?

Norsk Natursenter er eit moderne opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø. Senterets verksemd er drift av opplevingssenter, restaurant, gåvebutikk og turistinformasjon. Norsk Natursenter er lokalisert i Øvre Eidfjord langs den nasjonale turistvegen Rv7 nær Hardangerfjorden, Måbødalen og Vøringsfossen. Norsk Natursenter har hovudsesong frå 01. april til 31. oktober, med opningstider dagleg frå 10 til 18.

I Norsk Natursenter blir du ein del av eit miljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer. Vi kan tilby gode lønns- og arbeidsvilkår og hjelp med bostad.