Vi ynskjer å inspirere og engasjere
Norsk Natursenter har som føremål å samle og spreie kunnskap om norsk natur og belyse relasjonane mellom natur og menneskeleg verksemd.
Vår oppgave er å skape eit nært møte mellom naturen og det moderne mennesket.
Ved å sjå, kjenne, lytte og lære vert du sjølv ein aktiv og kreativ del av utstillingane. Innhaldet i utstillinga er utforma for å auke kunnskapen om naturen, noko som kan inspirere og engasjere oss til å ta vare på viktige verdiar i naturen og miljøet rundt oss.
Hardangervidda Natursenter Eidfjord vart etablert i 1995. Våren 2018 skifta senteret innhald og namn til Norsk Natursenter – Hardanger. I 2023 fikk senteret ein ny panoramafilm Norge mitt land - Fjord, fjell, foss og Hardangervidda. Senteret er eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø og eit autorisert besøkssenter for Hardangervidda nasjonalpark.
Våren 2018 vart det opna nye utstillingar ved Norsk Natursenter – Hardanger med moderne design og nyskapande formidlingsteknologi. Utstillingane er utarbeida av Sarner International Ltd i London i nært samarbeid med norske forskarar innan fagfelta som vert presenterte i utstillingane. Den nyskapande formidlingsteknologien er ei oppleving for heile familien og målet er at eit besøk ved Norsk Natursenter – Hardanger skal være ei spennande, triveleg, lærerik og unik oppleving for alle aldersgrupper!
Styret i Norsk Natursenter AS
HELGE MØLLER
Styreleiar
ASLAK LÆGREID
Styremedlem
TINA VÅTVIK OLSEN
Styremedlem
LENA MOTEKA
Styremedlem
LARS LEEGAARD MARØY
Styremedlem
Innvia 28. mai 1995 av H. M. Dronning Sonja.
«Dette stedet er et smykkeskrin med de edleste søljer og skatter fra norsk natur.»
H.M. DRONNING SONJA
Hardangervidda Natursenter Eidfjord er bygd av Eidfjord kommune Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. Miljødepartementet Direktoratet for Naturforvaltning Hordaland Fylkeskommune.
“Naturen vert aldri så beundra
som når den vert forstått.”
— Oddvar Brakestad, Direktør Norsk Natursenter – Hardanger
Administrasjon
-
Oddvar Brakestad
-
Jonas Kristensen Kimerud
SALG/NATURVEGLEIAR