Velkomen til Norsk Natursenter – Hardanger
Besøkssenter Hardangervidda nasjonalpark - Eidfjord
Eit moderne opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø.
Ei open dør til norsk natur
Bli med på ei spektakulær reise gjennom fjord- og fjellandskap og mektige fossefall i vår nye panoramafilm. Panoramafilmen er ei storsatsing i verdsklasse, vist på eit av Europas største panoramalerret – 21 meter langt, 4 meter høgt, med sømløst bilete og 225° synsvinkel. Tilsvarande film med kvalitet 12K er ikkje tidlegare produsert i Noreg.
Utforsk den dramatiske norske naturen og kom tett på dyre- og planteliv, Hardangervidda, naturkreftene som har forma landskapet, og samanhengen mellom klima og miljø. Forstå samspelet mellom natur, kultur og menneske. Gjennom lyd og bilete blir du som gjest ein aktiv del av utstillinga.
På Norsk Natursenter kan du oppleve:
Panoramafilmen «Norge mitt land» - Fjord, fjell, foss og Hardangervidda tek deg med på ei dramatisk reise i norsk natur. Møt reinsdyr, elg og hjort og sjå fjellauren i våre akvaria. Sjå korleis menneska har busett og livnært seg, og utnytta ressursane frå naturen. Opplev samspelet mellom norsk kunst og natur i vårt kunst- og naturteater. Avslutt gjerne besøket med ein matbit i Hardangerviddahallen restaurant og ein tur i suvenirbutikken vår.



