Utforsk

norsk natur


Sjå nærmare på dyrelivet, naturen og klimaet. Utforsk samspelet mellom kultur og miljø. Ved å sjå, kjenne, lytte og lære blir du sjølv ein aktiv og kreativ del av utstillinga.

Norsk Natursenter Hardanger

Hardangervidda Natursenter Eidfjord vart etablert i 1995. Våren 2018 skifta senteret innhald og namn til Norsk Natursenter – Hardanger. Senteret er eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø og eit autorisert besøkssenter for Hardangervidda nasjonalpark. Våren 2018 vart det opna nye utstillingar ved Norsk Natursenter – Hardanger med moderne design og nyskapande formidlingsteknologi. Utstillingane er utarbeida av Sarner International Ltd i London i nært samarbeid med norske forskarar innan fagfelta som vert presenterte i utstillingane. Den nyskapande formidlingsteknologien er ei oppleving for heile familien og målet er at eit besøk ved Norsk Natursenter – Hardanger skal være ei spennande, triveleg, lærerik og unik oppleving for alle aldersgrupper!

Ei tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og fram til i dag

Dei nye utstillingane gjer Norsk Natursenter – Hardanger til eit topp moderne natur- og kulturhistorisk opplevings- og formidlingssenter som tilbyr noko ekstra i tillegg til det ein kan oppleve ved andre besøkssenter og ute i naturen. Senteret har ein spektakulær panoramafilmen «Fjord Fjell Foss» regissert av Ivo Caprino, og tre etasjar med spennande, positive og kraftfulle opplevingar i form av interaktive stasjonar, bergartar, mineral, fossil, modellar, akvarium, temavideoar og illustrasjonar. Heile utstillinga gjennom dei tre etasjane er bygd opp som ei tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og fram til i dag.

Utforske samspelet mellom natur, menneske, kultur og miljø

Utstillingane vert presenterte på tre hovudspråk: norsk, engelsk og tysk i tillegg til 10 andre språk (med flaggsymbol for kvart land) på stasjonære nettbrett ved installasjonane. I dei nye utstillingane ved Norsk Natursenter – Hardanger vil dei besøkande oppleve geologien og landskapet på ein ny og spennande måte, kome nærare på dyrelivet, naturen, været og klimaet, samt utforske samspelet mellom natur, menneske, kultur og miljø på ein annan måte som ikkje tidlegare er presenterte ved noko anna liknande besøkssenter i Noreg.

Vi ynskjer å inspirere og engasjere

Ved å sjå, kjenne, lytte og lære vert du sjølve ein aktiv og kreativ del av utstillingane. Innhaldet i utstillingane er utforma for å auke kunnskapen om naturen, noko som kan inspirere og engasjere oss til å ta vare på viktige verdiar i naturen og miljøet rundt oss. Den nyskapande formidlingsteknologien er ei oppleving for heile familien og målet er at eit besøk ved Norsk Natursenter Hardanger skal være ei spennande, triveleg, lærerik og unik oppleving for alle aldersgrupper!

Vi viser samspelet mellom kunst og natur

I ein eigen kinosal viser ein samspelet mellom kunst og natur. I meir enn 250 år har norske landskap vorte inspirert av mange kunstnarar. Dei flotte formasjonane av fjordar, fjell og fossefall over heile landet har kome til utrykk i måleri, trykk og andre media. Professor i kunsthistorie Gunnar Danbolt viser oss samanhengen og forteljinga om mennesket si forståing av naturen gjennom målarkunsten.

Utforske bergartar og mineralar

I eit område kan ein utforske bergartar og mineral som har vore viktige i danninga av bergartane ein finn i Noreg. Fleire akvarium med aure, forklarar livssyklusen til auren frå fjellvatna. Ein vil også knyte historia tilbake til om lag 400 millionar år gamle fiskefossil. Dei besøkande vert forklart korleis isbrear vert danna og om korleis fjordane, inkludert Hardangerfjorden, vart utforma gjennom 40-50 istider i løpet av dei siste 2,6 millionar åra. Det vert vist korleis den første reinsdyrjegeren på Hardangervidda kan ha sett ut like etter slutten av siste istid for om lag 9000 år sidan. Det levande landskapet vert presentert; om menneska som først busette seg i Noreg og korleis dei har utnytta ressursane frå fjord til fjell gjennom jordbruk, jakt og fiske for å kunne livberge seg i dette landskapet til alle årstider. Kontrastane mellom fortid og notid vert presenterte på ein engasjerande måte, saman med dagens aktivitetar i naturen og måten nordmenn i dag brukar landskapet. Eksempel på dagens mest spektakulære friluftsaktivitetar vert vist på store flater saman med filmar som viser Arne Nævra sine flotte filmar frå dyre og fugleliv.