Personvernerklæring

Personvernerklæring

1. Norsk Natursenter AS

Eigar av denne nettsida er: Norsk Natursenter AS, 5784 N-Øvre Eidfjord
E-post: post@norsknatursenter.no. Vårt org. nr er: NO 970 973 613.

2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse,epost, telefonnr, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

4. Kunderegister

Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden selskapsnamn og informasjon om kontaktpersonar med namn, epost og telefonnr. I tillegg lagrar vi opplysningar om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt kunderregister, sjå kapittel om sletting under.
5. Informasjonskapslar

På nettsida vår www.norsknatursenter.no nyttar vi informasjonskapslar, også kalt cookies. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Eigar: Vimeo
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

Eigar: Youtube
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

7. Kontaktskjema

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt CRM-system. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.
8. Deling

Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
9. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Norsk Natursenter AS på epost: post@norsknatursenter.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.

10. Ansvarleg databehandlar

Administrerende direktør hjå Norsk Natursenter AS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på post@norsknatursenter.no.

Privacy Preferences

When you visit our website, it may store information through your browser from specific services, usually in the form of cookies. Here you can change your Privacy preferences. It is worth noting that blocking some types of cookies may impact your experience on our website and the services we are able to offer. Our privacy policy

Click to enable/disable Google Analytics tracking code.
Click to enable/disable Google Fonts.
Click to enable/disable Google Maps.
Click to enable/disable video embeds.
Our website uses cookies, mainly from 3rd party services. Define your Privacy Preferences and/or agree to our use of cookies. Our privacy policy