Ei oppleving
utanom det vanlege
Sesong 2020
Me opnar 1. april!
Skjærtorsdag, 1. april opnar Norsk Natursenter og Hardangerviddahallen Restaurant dørene for sesong 2021.
Ope kvar dag 12:00 – 18:00.
Me fylgjer til ei kvar tid nasjonale og lokale myndigheitene sine reglar for smittevern.
Følg med på www.norsknatursenter.no / fb: Norsk Natursenter / instagram: norsk_natursenter for informasjon og nyhende frå oss.
Ta godt vare på kvarandre og velkomen som gjest på Norsk Natursenter i 2021!
Utforsk
Ei spennande, triveleg, lærerik og unik oppleving for alle aldersgrupper
Senteret er eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø og eit autorisert besøkssenter for Hardangervidda nasjonalpark. Dei nye utstillingane gjer Norsk Natursenter – Hardanger til eit topp moderne natur- og kulturhistorisk opplevings- og formidlingssenter som tilbyr noko ekstra i tillegg til det ein kan oppleve ved andre besøkssenter og ute i naturen.
Senteret har ein spektakulær panoramafilm «Fjord Fjell Foss» regissert av Ivo Caprino, og tre etasjar med spennande, positive og kraftfulle opplevingar i form av interaktive stasjonar, bergartar, mineral, fossil, modellar, akvarium, temavideoar og illustrasjonar. Heile utstillinga gjennom dei tre etasjane er bygd opp som ei tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og fram til i dag.