Sesongavslutning – siste opningsdag 01.november 2020
Norsk Natursenter og Hardangerviddahallen Restaurant takkar for ein unvanleg, men vel overstått sesong 2020! Siste opningsdag er sundag, 01. november 2020 kl12-18. Velkomen innom!
Me opnar 1. april!
Skjærtorsdag, 1. april opnar Norsk Natursenter og Hardangerviddahallen Restaurant dørene for sesong 2021.
Ope kvar dag 12:00 – 18:00.
Me fylgjer til ei kvar tid nasjonale og lokale myndigheitene sine reglar for smittevern.
Følg med på www.norsknatursenter.no / fb: Norsk Natursenter / instagram: norsk_natursenter for informasjon og nyhende frå oss.
Ta godt vare på kvarandre og velkomen som gjest på Norsk Natursenter i 2021!
Senteret er eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø og eit autorisert besøkssenter for Hardangervidda nasjonalpark. Dei nye utstillingane gjer Norsk Natursenter – Hardanger til eit topp moderne natur- og kulturhistorisk opplevings- og formidlingssenter som tilbyr noko ekstra i tillegg til det ein kan oppleve ved andre besøkssenter og ute i naturen.
Senteret har ein spektakulær panoramafilm «Fjord Fjell Foss» regissert av Ivo Caprino, og tre etasjar med spennande, positive og kraftfulle opplevingar i form av interaktive stasjonar, bergartar, mineral, fossil, modellar, akvarium, temavideoar og illustrasjonar. Heile utstillinga gjennom dei tre etasjane er bygd opp som ei tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og fram til i dag.
Norsk Natursenter og Hardangerviddahallen Restaurant takkar for ein unvanleg, men vel overstått sesong 2020! Siste opningsdag er sundag, 01. november 2020 kl12-18. Velkomen innom!
Velkomen til gode matopplevingar i sommar i Hardangerviddahallen Restaurant! Me held ope kvar dag 12:00 – 18:00. På sundagar kan me friste med vår heimalaga Hardanger-buffet og dessert-buffet
Norsk Natursenter opna sine dører 01. juni 2020 og ynskjer gjestane velkomne! Vi følgjer nasjonale og lokale myndihetene sine smittevernstiltak og legger til rette for eit trygt og triveleg besøk hjå oss. Natursenteret held ope kvar dag 10.00 – 18.00 gjennom heile sesongen. Kom og utforsk noko av det vakraste norsk natur har å by…
When you visit our website, it may store information through your browser from specific services, usually in the form of cookies. Here you can change your Privacy preferences. It is worth noting that blocking some types of cookies may impact your experience on our website and the services we are able to offer. Our privacy policy