Norsk Natursenter

– Hardanger


Eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø

Lokalisert ved foten av Vøringsfossen

Dramatisk og vakker vestlandsnatur ved foten av Vøringsfossen og oppstiginga til Måbødalen, sentralt ved riksveg 7, finn du Norsk Natursenter – Hardanger. Senteret har som føremål å samle og spreie kunnskap om samspelet i naturen, og belyse relasjonane mellom natur og menneskeleg verksemd. Vår oppgåve er å skape eit nært møte mellom naturen og det moderne mennesket.

Eit spanande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø

På Hardangervidda Natursenter – Hardanger tek vi i bruk teknologi og kreativitet for å gje våre gjester ei oppleving utanom det vanlege. [Å kalla oss eit museum blir for snevert. Natursenter, kino og fornøyelsessenter er heller ikkje heilt dekkande.] Vi har [derfor] valt å kalle oss det våre gjester har kalla oss: «eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø». Vår målsetning er å lage eit kvalitetsprodukt som gjer oss til det beste senteret i Noreg på formidling av naturinformasjon. Norsk Natursenter – Hardanger er utvikla med høg kompetanse, både når det gjeld bygningar, faglag innhald, moderne teknologi og design.

Den mest besøkte menneskeskapte attraksjonen i distriktet

Norsk Natursenter – Hardanger den mest besøkte menneskeskapte attraksjonen i distriktet – eit kvalitetsprodukt både for enkeltreisande og grupper. Våre gjester er reisande og turistar frå heile verda. Senteret er eit ideelt besøksmål for turar til den verdsberømte Hardangervidda og Hardangerfjorden som bl.a. gav Tidemand og Gude, samt Edvard Grieg, inspirasjon til nokre av sine største kunstverk. Hardanger er landet sin største ’frukthage’. Regionen har ein unik natur, og stadig fleire tilbod om overnatting og opplevingar for deg som vil hente inspirasjon og oppleve noko ekstra. «Dette stedet er et smykkeskrin med de edleste søljer og skattar frå norsk natur», sa HM Dronning Sonja då ho opna senteret 28. mai 1995.